SKS - Sunnmøre Kontrollutvalsekretariat
Selskapet utfører sekretariatfunksjonen for 7 av dei kommunale kontrollutvala på nordre Sunnmøre. Medlemskommunane er Ålesund, Haram, Giske , Sula, Sykkylven, Stranda og Fjord.
Vi leverer m.a. desse tenestene til kontrollutvala:
- Praktiske sekretariatfunksjonar og rådgjeving om utvala sine prioriteringar
- Saksutgreiing, førebuing og tilrettelegging av saker som skal behandlast fram til vedtak i kontrollutvala
- Iverksetjing, publisering og evt. oppfølging når det gjeld gjennomføring av kontrollutvala sine vedtak
- Utarbeiding av planar for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll
- Utgreiing av ulike behov for bestilling av oppdrag, iverksetjing av bestillingar og oppfølging av oppdraga
- Bistand ved val av revisjonsordning
- Profesjonell handtering av kontrollutvala sine arkiv
- Opplæring og faglege samlingar for kontrollutval
- Teneste som dialogpartnar for nye medlemer i utvala
- Kontinuitet når det gjeld historikk og bakgrunn for saksfelt som går over tid, f.eks. med nye utvalsmedlemer
Vi har i tillegg ansvaret for praktiske oppgåver som er knytt til sjølve gjennomføringa av kontrollutvala sine møte.