SAKSDOKUMENT OG MØTEPLAN FOR ALLE UTVAL
Kontrollutvalet er eit lovpålagt organ og har ei sentral rolle i kommunen sin eigenkontroll. Kontrollutvalet arbeider på oppdrag frå og rapporterer til kommunestyret, og skal føre den løpande kontrollen med den kommunale verksemda.
Hovudoppgåva er å sjå til at kommunen følgjer regelverket og at verksemda er målretta, effektiv og etisk forsvarleg.
Kontrollutvalet skal medverke til forbetring og læring, og til at innbyggjarane kan ha tillit til kommunen.
Meir om kontrollutvalet si rolle og oppgåver kan du lese om i Kontrollutvalsboka som er Kommunal- og distriktsdepartementet sin rettleiar om rolla og oppgåvene til kontrollutvalet.
Kommunestyret har plikt til å sørge for at kontrollutvalet har eit uavhengig sekretariat, som både har kapasitet og kompetanse til forsvarleg saksførebuing, utgreiing og oppfølging av kontrollutvalet sine saker. Dei sju kommunane på nordre Sunnmøre har løyst dette gjennom å opprette eit interkommunalt selskap. Meir om selskapet finn du under Om selskapet.