Kommunestyra skal sørge for at kontrollutvala får den sekretariatsbistanden dei treng. Kommunestyra har organisert dette ansvaret gjennom vårt interkommunale selskap.
Vi som sekretariat skal vere uavhengig av kommunen sin administrasjon og det revisjonsselskapet som reviderer kommunen.
Sekretariatet er kontrollutvalet sin viktigaste hjelpar og støttespelar, og vi skal følgje dei retningslinjer og pålegg som utvalet gjev.
Sekretariatet skal ha både kapasitet og kompetanse, og er ein viktig faktor for at kontrollutvalet skal kunne utøve oppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte.
Vi i sekretariatet skal sørge for at sakene til kontrollutvalet er forsvarleg utgreidde, og at utvala sine vedtak vert sett i verk. Kontrollutvalet har ei bestillarrolle og ei påsjå-rolle ovanfor revisjonen, som i hovudsak rapporterer til kontrollutvalet.
Vi er derfor eit viktig bindeledd mellom kontrollutvalet, revisjonen og kommunedirektøren.
Det er styret som tilset dagleg leiar, og dagleg leiar rapporterer derfor til styret om det som gjeld drifta av selskapet.
Sekretariatet si kontaktadresse er: post@sksiks.no
Tilsette er:
Dagleg leiar Solveig A. Kvamme, master i leiing og offentleg administrasjon
Rådgivar Karl-Erik Skjong, jurist, startar 10.08.2026