Personvernerklæring for Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS.

Sist endra 12.12.2024

Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS samlar inn og bruker personopplysningar til ulike formål i samband med vår verksemd. All behandling av personopplysningar skjer i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande personvernregler, medrekna personopplysningslova og personvernforordninga (GDPR).

Med «personopplysningar» meinast alle opplysningar som kan knytast til en fysisk person.

Med «behandling» meinast alt som vert utført med personopplysningar, som innsamling, registrering, organisering, strukturering, lagring, tilpassing eller endring, gjenfinning, konsultering, bruk, utlevering ved overføring, spreiing eller alle andre former for tilgjengeleggjering, samanstilling eller samkøyring, avgrensing, eller sletting.

 

Ansvarleg for behandling av personopplysningar:

Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS v/dagleg leiar er behandlingsansvarleg for Sunnmøre kontrollutvalsekretariat si behandling av personopplysningar.

Kontaktopplysningar:

Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS post@sksiks.no

Dagleg leiar: Bjørn Tømmerdal bjorn.tommerdal@sksiks.no

Personvernombod: ……………..

 

Når du kontaktar oss

For å utføre vårt oppdrag som kontrollutvalsekretariat for fleire kommunar, er det nødvendig å behandle personopplysningar i enkelte samanhengar. I hovudsak behandlar vi personopplysningane dine på grunnlag av éin eller fleire av følgjande årsaker:

  • Du er medlem/varamedlem i kontrollutvalet i ein av kommunane vi leverer tenester til
  • Du er medlem/varamedlem i styret i Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS
  • Du er medlem/varamedlem i representantskapet i Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS
  • Du er revisor for ein av kommunane vi leverer tenester til
  • Du har ei sentral stilling i ein av kommunane vi leverer tenester til (til dømes kommunedirektør, ordførar, kommunalsjef, einingsleiar, politisk sekretær osv.)
  • Du har sendt inn ei førespurnad/e-post til kontrollutvalet/sekretariatet
  • Du har bedt om innsyn etter offentleglova

Vi kan òg få opplysningar om deg indirekte, til dømes av følgjande årsaker:

  • Ei førespurnad til kontrollutvalet inneheld opplysningar om deg.
    • Vi mottar opplysningar om deg frå eit anna offentleg myndigheitsorgan.
    • Ein tilsett har oppført deg som næraste pårørande.

Alle personopplysningar som vert handsama av oss som følgje av dei nemnde døma på årsaker, skal handsamast i tråd med personopplysningslova.

Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS leverer sekretariatstenester til kontrollutvala i kommunane Ålesund, Sula, Giske, Stranda, Sykkylven, Fjord og Haram. I samband med det oppdraget behandlar vi personopplysningar for formål knytt til saksutredning, møteavvikling og utsending av dokument knytt til kontrollutvalet si verksemd. Vi behandlar og personopplysningar i samband med styret si verksemd og representantskapet i Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS.

Vi er pliktig til å føre postjournal etter offentleglova § 10. All korrespondanse i samband med saksbehandling blir journalført. Hovudregelen etter offentlegheitslova § 3 er at forvaltningsorgan sine saksdokument, journalar og liknande register er offentleg tilgjengelege. Det betyr at alle kan gjere seg kjent med blant annet innholdet i den korrespondansen vi har journalført. Dette med mindre at dokumentene skal unntas offentlighet, for eksempel på grunn av taushetsplikt.

Etter arkivlova har Sunnmøre kontrollutvalsekretariat som eit offentleg organ, arkivplikt.

 

Rettane dine

Du kan utøve dine rettar ved å sende oss e-post til post@sksiks.no

eller brev til:

Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS
Postboks 7881 Spjelkavik
6022 Ålesund

 

Du kan og kontakte vårt personvernombod.

Du har krav på svar utan ugrunna opphald, og seinast innan éin månad.

 

Innsyn i eigne opplysningar
Du kan be om ein kopi av alle opplysningar vi handsamar om deg, så langt ikkje teieplikta er til hinder for dette. For å sikre at personopplysningar vert utleverte til rett person, må eit innsynskrav skje på ein måte som gjer at identiteten din vert stadfesta.

Rettleiing av personopplysningar
Du kan be oss rette eller supplere opplysningar som er feilaktige eller misvisande.

Sletting av personopplysningar
I gitte situasjonar kan du be oss slette opplysningar om deg sjølv. Vi vil, så langt som mogleg, imøtekome ei slik førespurnad. Vi kan ikkje slette personopplysningar dersom det finst tungtvegande grunnar for ikkje å gjere det, til dømes arkivplikt. Kravet ditt vert handsama innan 30 dagar.

Klage til tilsynsmyndigheita
Dersom du er ueinig i måten vi handsamar personopplysningane dine på, kan du sende inn ei klage til Datatilsynet. www.datatilsynet.no

Rettleiing om personvernreglane
Datatilsynet gjev rettleiing om regelverket: www.datatilsynet.no