BAKGRUNN OG FØREMÅL
Kontrollutvalet er eit lovpålagt organ med ei avgjerande rolle i kommunen sin eigenkontroll. Kontrollutvalet er kommunestyret sin reiskap for å sikre innsyn og kontroll med det som skjer i kommunen og i selskap kommunen eig. Kontrollutvalet si hovudoppgåve er å sjå til at kommunen følgjer regelverket og at verksemda er målretta, effektiv og etisk forsvarleg. Kontrollutvalet skal medverke til forbetring og læring, og til at innbyggjarane kan ha tillit til kommunen.
Meir om kontrollutvalet si rolle og oppgåver kan du lese om i Kontrollutvalsboka, 3. utgåve som er Kommunal- og distriktsdepartementet sin rettleiar til kontrollarbeidet.
SELSKAPET
Verksemda er organisert som eit interkommunalt selskap (IKS) der alle deltakarane er kommunar. Det ligg føre ein selskapsavtale med eigarkommunane.
Selskapet er styrt av eit representantskap der deltakarane har minst ein representant, og av eit styre med minst tre medlemmer. Styret tilset dagleg leiar.
SEKRETARIATET
Dei kommunale kontrollutvala skal ha eit sekretariat som er uavhengig i høve både kommuneadministrasjonen og revisjonen. Kommunestyret skal sørge for at kontrollutvala har tilfredstillande sekretariatshjelp.
Hovudoppgåvene til sekretariatet er saksførebuing, utgreiing og oppfølging av kontrollutvalet sine saker. Vi skal legge til rette for at kontrollutvala kan utføre sitt mandat på ein best mogeleg måte.
Vi ynskjer å vere eit kompetent og påliteleg sekretariat og vil medverke til at mål blir nådde og at innbyggarane kan ha tillit til den kommunale forvaltninga.
Sekretariatet
Sekretariatet si kontaktadresse er: post@sksiks.no
| Dagleg leiar: | Cand. polit. Bjørn Tømmerdal bjorn.tommerdal@sksiks.no |
|
Seniorrådgjevar: |
Master i verdibasert ledelse Solveig Kvamme |
Styret for perioden 2024 - 2027
| Leiar: | Svein Ove Søholt |
| Nestleiar: | Anne Lise Hessen Følsvik |
| Styremedlem: | Gunn H. Wågsholm |
| Varamedlem 1: | Torill Velle |
| Varamedlem 2: | Ranveig Bakken Stavseth |
| Varamedlem 3: | Thor Hansen |
Representantskapet
| Leiar: | Hans Kjetil Knutsen, Ålesund |
| Nestleiar: | Turid Kristin Sand Humlen, Sula |