BAKGRUNN OG FØREMÅL
Kontrollutvalet er kommunestyret sin reiskap for demokratisk innsyn og kontroll med alle sider av kommunen si verksemd. Kontrollutvalet si oppgåve er å sjå til at kommunen følgjer det regelverket som gjeld til ei kvar tid og at verksemda er målretta, effektiv og etisk forsvarleg, til det beste for innbyggjarane i kommunen.
Meir om kontrollutvalet si rolle og oppgåver kan du lese om i Kontrollutvalsboka, 3. utgåve utgitt av KRD i desember 2021.
SELSKAPET
Verksemda er organisert som eit interkommunalt selskap (IKS) der alle deltakarane er kommunar. Det ligg føre ein selskapsavtale. Selskapet har eit representantskap der deltakarane har minst ein representant. Selskapet sitt styre skal ha minst tre medlemer, og selskapet skal ha dagleg leiar. Kontoret har elles løpande tilgong på juridisk kompetanse og elles nødvendig kontorhjelp.
(Sjå elles lov om interkommunale selskaper, L29.01.1999 nr. 6).
SEKRETARIATET
Kommunane sine kontrollutval skal etter lova ha eit uavhengig sekretariat som korkje er knytt til kommunen sjølv eller kommunen sin revisor. Gjennom arbeidet vårt ønskjer vi å vere ein leiande tilbydar av sekretariattenester til kontrollutvala i vår region. Vi ønskjer å medvirke til at mål blir nådde og at den kommunale forvaltninga skal ha tillit.
Kommunestyret skal sørgje for at kontrollutvala har sekretariathjelp som til ei kvar tid tilfredsstiller utvala sine behov. Sekretariatet skal m.a. sjå til at dei sakene som vert behandla av eit kontrollutval er forsvarleg utgreidde og at utvalet sine vedtak vert sette i verk (Kontrollutvalsforskrifta § 20).
Sekretariatet
Dagleg leiar: | Cand. polit. Bjørn Tømmerdal bjorn.tommerdal@sksiks.no |
Seniorrådgjevar: |
Master i verdibasert ledelse Solveig Kvamme |
Styret for perioden 2024 - 2027
Leiar: | Svein Ove Søholt |
Nestleiar: | Anne Lise Hessen Følsvik |
Styremedlem: | Torill Velle |
Varamedlem 1: | Gunn H. Wågsholm |
Varamedlem 2: | Ranveig Bakken Stavseth |
Varamedlem 3: | Thor Hansen |
Representantskapet
Leiar: | Hans Kjetil Knutsen, Ålesund |
Nestleiar: | Turid Kristin Sand Humlen, Sula |